Arkivplan.no

Suldal kommune

Bilde 008

Bilde 007

 

ELEKTRONISK ARKIVPLAN FOR SULDAL KOMMUNE

FØREMÅL

 Føremålet med arkivplan til Suldal kommune

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i Suldal kommune.

Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene.

Arkivplanen skal sikra at Suldal kommune ivaretek arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6: "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid."

Rådmannen har arkivansvaret

I kommunen er det rådmannen som har det overordnede arkivansvaret (jfr. Arkivforskrifta § 1).

Arkivleiar har det daglege ansvaret for arkivtenesta og utarbeidar verksemsdplan.