Suldal kommune

Bilde 008

Bilde 007

 

ELEKTRONISK ARKIVPLAN FOR SULDAL KOMMUNE

FØREMÅL

Føremålet med arkivplan til Suldal kommune

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for handsaming av all informasjon og dokumentasjon i Suldal kommune.

Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene m.m..

Arkivplanen skal sikra at Suldal kommune ivaretek arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6: "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid."

Administrasjonssjefen har arkivansvaret

Arkivleiar har det daglege ansvaret for arkivtenesta og utarbeidar verksemsdplan. Godkjend verksemdsplan skal vere med i kommunen sin årsplan.

I kommunen er det administrasjonssjefen (rådmannen) som har det overordna arkivansvaret (jfr. Arkivforskrifta §1-1). Som administrasjonssjef i Suldal kommune oppmodar eg alle medarbeidarar om å setja seg godt inn i og følgja retningslinene i arkivplanen.

Sand 23. februar 2009

rådmannen